AGDER NYE TEATER
tilbake
Mor og barn Oslo (2023)

Mor og barn blei opphavleg skapt som ei stadsspesifikk framsyning i ein nedlagd barnevognbutikk i Arendal. Til Den internasjonale Fossefestivalen 2023 i Oslo skapte kompaniet ein ny versjon av verket i Cappella Johannea i Majorstuen kyrkje. Når framsyninga flytter seg, blir ho omarbeidd i møte med med ein ny stad, og nye aspekt ved verket blir dyrka fram.

Ein mann møter opp heime hos mor si, som han ikkje har sett på mange år. Han vil finne ut kvifor han ikkje var ønskt, og kva liv mora har levd utan han.

For mange år sidan forlet mora barnet sitt for å komme unna eit heterofilt parforhold som foreldra hennar ønskte. Sjølv likar ho kvinner. Sonen, som er bifil, er del av ein generasjon som har komme langt i aksepten av seksuelle minoritetar. Derfor har han ei anna forståing enn mora av kva avgrensingar ein ikkje-heteronormativ kjønnsidentitet inneber.

Eit sentralt spørsmål blir derfor korleis forskjellige strukturelle rammer i oppveksten til ulike generasjonar kan verke avgrensande for å få innsikt i frigjeringskampane til dei andre generasjonane. I framsyninga besøker sonen mor si, som han har hatt eit perifert forhold til. Anten i eit forsøk på forsoning eller som ein forløysande konfrontasjon.

MED: Tone Oline Knivsflå, Sebastian Kjær
SPELESTAD: Majorstuen kyrkje (Capella Johannea), Kirkeveien 84

Framsyninga er eit gjestespel frå Agder Nye Teater og er produsert med støtte frå Kulturrådet, Agder Fylkeskommune, Arendal kommune, Fløistad-stiftelsen, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere.





––